Hopp til innhold

– Strikkinga blei ein større suksess enn eg trudde

SURNADAL (NRK.no): Ho strikka den første kofta si som 10-åring. No er Marte Helgetun suksessrik forfattar av strikkebøker. Tyskland blir den neste store marknaden hennar.

Med et opplag på 20.000 bøker, kan Marte Helgetun kalles en debuttforfatter med suksess. Og nå vil også Tyskland ha boka som stort sett er inspirert av noe så smått som knapper.

Marte Helgetun med boka si. Sjå video og lær meir om suksesshistoria frå Surnadal.

Det første strikkeplagget ho laga var til barbiedukka. Etter det har Marte Helgetun halde fram med strikkeprosjekt til både barn og vaksne. Det har blitt nettbutikk og no arbeider ho med den andre strikkeboka si.

Større enn venta

Den fyrste boka har no eit opplag på 20.000 og er seld i Noreg, Sverige, Danmark, og er no på veg inn på den tyske marknaden.

Eg trudde ikkje det skulle bli så stort som dette, seier Marte Helgetun til NRK. Førsteopplaget var på 3000. Og eg trudde at eg kanskje ikkje skulle klare å selje alt det. Men no er vi altså oppe i 20.000.

Kva trur du er årsaka til dette?

Eg trur det har med målgruppa å gjere. Eg har strikka mykje til barn og når småbarnsmødre. Og det er nok mariusgensrar der ute. No vil folk strikke noko anna. Det er ikkje noko gale med mariusgensaren, men det fins kanskje nok av han no.

Marte Helgetun

Marte Helgetun ved arbeidsbordet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Tyskland står for tur

I strikkebutikken i Surnadal heng strikkeplagga på rekke og rad. Hyllene er fulle av garn. Meir enn gjerne viser ho fram det ho har strikka.

Slike jakker skal tyske barn få no, seier ho og viser fram eit søtt strikkeplagg i beige, duse fargar.

Klassiske oppskrifter

Debutboka heiter Strikk til barn - sjarm i hver maske og har kome ut på Gyldendal forlag. Den neste boka kjem våren 2015, og då er det strikkeoppskrifter til vaksne det handlar om.

Oppskriftene mine er klassiske, tidlause og eg legg vekt på at klea skal vere brukarvennlege. Og designet inneheld ikkje nokon skrikande overraskingar. Det er roleg og dempa, og byggjer på gamle teknikkar og tradisjonar, seier ho.

– Men trur du noko så lokalt vil slå an i Tyskland?

Ja, og det er jo mykje tyskarar her. Dei likar Surnadalen og området her, så dei likar heilt sikkert strikkinga også, seier Helgetun optimistisk.

Fell i smak hos tyskarane

Og ho har heilt rett i at det er mykje tyskarar i Surnadal om sommaren. På campingplassen står fleire tyske bubilar. I ein av dei finn vi irmgard Reintges. Ho og mannen har køyrt frå Bergisch Gladbach, heilt opp til Lofoten, og har no kome sør att til Surnadal. I det ho opnar strikkeboka fortel ho at ho er ein erfaren strikkar.

– Dette er flott, seier Irmgard medan ho blar i boka. Ho likar det ho ser og tenkjer at boka nok blir ein suksess i Tyskland.

irmgard Reintges

Irmgard Reintges og mannen hennar er på bubilferie i Noreg. Dei tykte vel om strikkeboka til Marte Helgetun.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Men ho har eitt spørsmål. Og spørsmålet byggjer mykje på erfaringane med handel i Noreg.

Kva kjem ei slik bok til å koste?, spør ho. Ho legg til at boka ikkje bør vere for dyr når ho skal seljast i Tyskland. Og ho tek opp at boka ser vært bra ut.

– Folk skal forstå oppskriftene

Marte Helgetun seier ho har lagt mykje arbeid i å gjere strikkeoppskriftene forståelege for folk. For det er ikkje alle som fortår strikketerminologien som ofte pregar strikkeoppskriftene.

– Eg har lagt mykje arbeid i dette. Folk skal skjøne oppskriftene. Eg legg vekt på å skrive norsk språk i staden for å bruke den strikkefaglege terminologien. Vanlege folk skjønnar jo ikkje ei strikkeoppskrift første gongen ein les ei. Eg skriv alltid utan forkortingar og avansert fagspråk, seier Marte Helgetun.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL