Hopp til innhold

Kvinne mista lappen fordi ho strikka under køyreturen

Ei kvinne i 40-åra vart stoppa av politiet fordi ho vingla slik medan ho køyrde. Det viste seg at kvinna var meir opptatt av rett og vrang enn bilkøyring.

Politiet på Sunnmøre fekk melding om vinglete køyring laurdag ettermiddag og bestemte seg for å sende ei patrulje for å stanse bilen.

– Kvinna var over gulstripa og kvitstripa gjentekne gongar. Vi mistenkte promillekøyring, seier operasjonsleiar Borge Amdam ved Sunnmøre politidistrikt.

15 minutt seinare fekk politiet stansa henne i Brusdal i Ålesund, men kvinna var edru. Strikketyet låg ved sidan av henne og kvinna innrømte at ho hadde strikka bak rattet.

– Ho angra på det ho hadde gjort og var lei seg for at ho ikkje klarte å la vere å strikke, seier Amdam.

Politiet ser svært alvorleg på saka. Strikkinga skjedde i ei 80-sone der det var vore mange ulukker. Kvinna miste førarkortet og vert meld.

– Dette er første gangen eg veit om der vi har tatt førarkort på grunn av strikking. Avislesing og teksting på mobil er vanlegare, seier operasjonsleiaren.