Hopp til innhold
Romsdal tingrett
Foto: Silje Bjerknes / NRK

Strid om straummålarar i retten

Oppsummert

Sju straumkundar i Romsdal møter Istad Nett AS i retten. Istad ønskjer å installere nye straummålarar, men kundane nektar. Retten avgjer om kraftselskapet kan gjere det med tvang.

  • Istad seier dei må bestemme

    Dagleg leiar Gerhard Eidså seier Istad Nett i verste fall kan få føretaksbot dersom dei ikkje bytter straummålarar også med dei åtte kundane som er saksøkte. Eidså sa også at det er viktig med lik behandling av alle kundane, og det er opp til nettselskapet å bestemme kva for utstyr kundane skal bruke.

    Gerhard Eidså
    Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK
  • Viser til signal frå styresmaktene

    Dei sju straumkundane meiner styresmaktene har pålagt kraftselskapa å gje midlertidig fritak for installering av automatiske straummålarar for kundar som er skeptiske. I retten i dag viste dei til at Olje- og energidepartementet tidlegare har slått fast at nettselskapa ikkje skal ha ein restriktiv praksis for installering av nye målarar. Dei sju kundane fryktar stråling frå målarane, og meiner Istad ikkje kan tvinge dei til å skifte til automatiske straummålarar.

  • - Utilstrekkeleg utgreidd

    Cornelius Eckert hevda i retten i formiddag at dei helsemessige konsekvensane av teknologien i dei nye automatiske straummålarane, er for dårleg utgreidd. Han hevda vidare at kraftselskapa ikkje har tatt omsyn til omfattande forsking som viser at stråling frå målarane er helsefarleg. Cornelius Eckert og seks andre straumkundar nektar Istad Nett å installere nye målarar, og hevdar stråling frå målarane er farleg.

  • Hevdar målarane ikkje er farlege

    Istad Nett sin advokat, Hege Mortensen, hevda i retten at strålinga frå dei automatiske straummålarane er svært låg, og at forskarar slår fast at det ikkje er snakk om helsefare. Mortensen sa at påstandane om at strålinga er farleg, ikkje oppfyller vitskaplege krav. Ho sa vidare at strålinga ligg langt under ein tusendel av grensa.