Hopp til innhold

Strid om sildefisket

Sildefiskar og styremedlem i Møre og Romsdal fiskarlag, Jarle Henry Hansen, går imot forslaget til Global Fish om å utsetje sildefisket til oktober.

Sildefisk
Foto: Lise Åserud / Scanpix

Sildeoppkjøparar som Global Fish har i dag eit stort overskot av sild som dei ikkje får selt vidare før på sikt.

Jarle Henry Hansen meinar det er feil at fiskarane skal tape på at fiskekjøparane har meir fisk enn dei får selt unna.

 

Fiskeeksportøren og oppkjøparen Global Fish har no store mengder sild på lager, og om ikkje lenge startar sildefisket. Direktør i Global Fish, Geir Hoddevik, meiner difor at sildefiskarane bør vente med å fiske til oppkjøparane har fått selt unna silda. Det meiner sildefiskar frå Smøla, Jarle Henry Hansen, er feil, og vil gjere at fiskarane vert skadelidande.

Taper pengar

Jarle Henry Hansen er mannskap og fiskar på ein fiskebåt på knappe femten meter. Spesielt små båtar vil bli ramma om dei ikkje kan fiske før i oktober, meiner Hansen. Då set hauststormane inn og det er ikkje sikkert silda er der dei mindre båtane kan fiske. Hansen trur dette kan gje pengetap. Dei større båtane derimot er ikkje venta å få problem fordi dei taklar haustveret og kan følge silda på vandringa.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL