Hopp til innhold

No startar striden om kommunenamna

I Ålesund er folk i harnisk over at dei kan miste kommunenamnet sitt i ei kommunesamanslåing. Språkrådet ventar fleire kranglar.

Ålesund sentrum NY

Diskusjonen om kva kommunen skal heite dersom Ålesund slår seg saman med nabokommunane er i gang.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Over heile landet går det føre seg forhandlingar om kommunesamanslåing. Men kva skal dei nye kommunane heite? Fleire stader har kranglinga om namn starta.

Ålesund og fleire nabokommunar er i forhandlingar om samanslåing og eit av forslaga til nytt namn er Sunnmøre. Mange frå Ålesund er opprørt over å miste Ålesundsnamnet. På kaia i Ålesund er ikkje Leif Skurset i tvil om kva han meiner.

– Kommunen bør heite Ålesund. Det er det namnet som er kjent i Europa og verda. Ikkje Sunnmøre, seier Skurset.

Leif Skurseth

Leif Skurset meiner ei storkommune der Ålesund er med, bør få namnet Ålesund.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

LES OGSÅ:

Start namnedebatten tidleg

Daniel Gusfre Ims ikledd grå dress.

Daniel Ims i Språkrådet oppmodar kommunane om å starte namnedebatten tidleg.

Foto: Anne Melsom Bjerke / NRK

Daniel Ims, seksjonsleiar i Språkrådet, seier at kommunane bør starte namnediskusjonen tidleg, slik at ein namnestrid ikkje veltar samanslåinga.

– Vi veit frå tidlegare at strid om namn kan bli ei stor sak, seier Ims. I 1988 vart Borre og Horten slått saman og kommunen fekk namnet Borre. Etter ein 14 år lang namnestrid vart namnet endra til Horten.

Grunnen til usemje om namn handlar ofte om identitet. Når ein skal slå seg saman med nabokommunen, som ein tidlegare kanskje har sett på som ein rival, kan det bli vanskeleg.

Bruk stadnamn

Det finst også gode og dårlege kommunenamn. Språkrådet meiner at dei nye kommunane bør ta tak i eksisterande stadnamn og ikkje lage heilt nye.

– Vi rår til å bruke eitt av dei eksisterande kommunenamna vidare. Det kan også vere aktuelt å bruke områdenamn dersom det er meir dekkjande, seier Ims.

At Ålesund og nabokommunane kan bli heitande Sunnmøre, er ikkje noko Språkrådet vil tilrå. Grunnen er at Sunnmøre er eit stort område som omfattar mange fleire kommunar enn storkommunen som er planlagt.

– Ein kan gjerne bruke tilleggsnamn som indre, ytre, nord eller sør, seier Ims. Han viser til Stavanger, Sola, Sandnes og Randaberg som er i forhandlingar og har gått inn for namnet Nord-Jæren.

Anna Vefald

Anna Vefald meiner at deter naturleg å kalle ei ny storkommune for Ålesund.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Innarbeidd namn

Rundt eit kafebord på kjøpesenteret Moa i Ålesund sit ein gjeng med pensjonistar. Dei meiner at ei ny storkommune bør heite Ålesund, fordi namnet er så innarbeidd frå før.

– Sunnmøre er jo noko heilt anna. Det er jo heile området. Ålesund er byen, seier karane. På same kjøpesenteret står Frelsesarmesoldat Anna Vefald. Ho er ikkje frå området, men har likevel meiningar om namnevalet.

– Det er Ålesund som er naturleg. Ålesund er den største byen. Det finst andre som er sunnmøringar enn dei som vil kome inn i den storkommunen, seier Vefald.