– Bør endre kurs
Ola T. Heggem
Ordførar Ola T. Heggem i Rindal var med på møtet. Han synest Senterpartiet bør endre kurs og jobbe for at Midt-Noreg blir eit framtidig senter for bruk av gass.
Gasskraft kan med det bli eit heitt tema i Senterpartiet framover.
Eli Sollied Øveraas
I programmet til Senterpartiet står det at dei er imot bygging av gasskraftverk med dagens tekonologi. Å gå inn for å byggje forureinande gasskraftfverk vil bli diskutert.
– Glad for signala
Stortingsreprersentant Eli Sollid Øveraas sit i programkomiteen som skal utarbeide forslag til program til landsmøtet neste år. Ho er veldig glad for signala frå Midt-Noreg.
– Uaktuelt
Inger S. Enger
Miljøpolitisk talskvinne i Senterpartiet, Inger S. Enger, har sagt at det blir uaktuelt å gå inn for forureinande gasskraftverk. Sollid Øveraas er klar over at temaet er omstridt i partiet, men ho vil gjere det ho kan for å få endra partiprogrammet.