NRK Meny
Normal

Strid om fleirbrukshall

Vartdal og Sæbø fryktar nedprioritering av gymsalar dersom Ørsta får ny fleirbrukshall i sentrum.

Illustrasjon idrettshall

Ørsta kommune skal bygge tre hallar dei næraste åra.

Og sjølv om enkelte er uroa for at hallane i Vartdal og på Sæbø vert nedprioriterte, vil ikkje ordførar Gudny Fagerhol prioritere på den måten.

- Det er ikkje ei aktuell problemstilling. Vi er pålagde å ha tilfredsstillande gymnastikklokalitetar til både Vartdal og Sæbø, seier ordføraren.

- Fare for alle nye tiltak

Gudny Fagerhol

Gudny Fagerhol (Ap) er orførar i Ørsta.

Foto: Aina Rødal / NRK

Dermed meiner ordføraren at det må kome hallar alle tre stadane. Både i Ørsta, Vartdal og Sæbø må ein bygge nytt. Ho meiner det ikkje er mellom dei tre hallane konkurransen er størst.

- Det er reell fare for hallane både på Sæbø, Vartdal og fleirbrukshallen i sentrum. Dersom vi ikkje får auka inntekt i kommunen er alle nye tiltak i fare, seier Fagerhol.

Folkeopprør

Ørsta kommune har løyvingar inne til både Sæbø og Vartdal sine hallar i neste års budsjett. Leiar i Vartdal idrettslag, Jon Helge Bjørndal, meiner kommunen ikkje kan trekke seg på dette no.

- Gymnastikksalane ligg inne i budjettet, og eg trur ikkje kommunen tør å ta dei vekk. Då vert det folkeopprør, seier Bjørndal.

Også styreleiar i Ørsta Idrettspark AS, som arbeider for å få fleirbrukshallen i Ørsta på plass, forstår uroa, men trur alle tre hallane i kommunen kan bli realisert.