Hopp til innhold

– Eg er forundra over at Rekdal er så skarp mot oss

Det er no full strid mellom Sunnmørsposten og AaFK-trenar Kjetil Rekdal. Etter kampen i går var Rekdal meir oppteken av å kritisere avisa, enn å prate om kampen.

Kristin Knudsen

Kulturredaktør Kristin Kundsen er overraska over at Kjetil Rekdal ikkje toler kritikken han får.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Kjetil Rekdal

AaFK-trenar Kjetil Rekdal meiner at Sunnmørsposten berre skriv piss.

Foto: Arild Pettersen / NRK

Usemjen mellom Sunnmørsposten og Kjetil Rekdal hardnar til. Avisa har gått ut på kommentarplass og spekulert i at Rekdal sin leiarstil, skremmer bort folk og gjer at klubben slit med å få tak i nye spelarar.

Ville ikkje prate

I går etter kampen mot Hønefoss, ville Rekdal knappast prate med avisa sine journalistar. Kulturredaktør Kristin Knudsen synest det er merkeleg.

– Eg er forundra over at han er så skarp mot oss. Ein mann som er så klar og tydeleg på sine eigne meiningar, må sjølv tole bli kritisert, seier Knudsen.

Ferdig som trenar

Sunnmørsposten har også skreve at det er lite truleg at Rekdal held fram som trenar i 2014.

Har de ikkje gitt han sparken, når de seier at han berre har jobb i ein sesong til?

Aalesund - Hønefoss

Aalesund har jakta på ein ny spiss heile sesongen.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

–Det kan hende, men Rekdal og AaFK har fått høve til å korrigere det biletet vi har teikna, og det har dei ikkje gjort, seier Knudsen.

– Skriv berre piss

Sjølv seier Rekdal at Sunnmørsposten berre skriv piss og at dei berre får halde fram og skive det dei vil.

– Dette er kunnskapsløyse på høgste plan. Dei har ikkje innsyn i det som går føre seg her. Og dei forventar at vi skal spele som Barcelona og skriv som om vi skulle ha vunne seriegull etter seriegull og kasta bort millionar av kroner på feilkjøp, seier Rekdal til NRK.

Stort temperament

Kjetil Rekdal er kjent for å vere brutalt ærleg og ha eit enormt temperament. I ei årrekkje han har skapt store overskrifter.

Kjetil Rekdal

Kjetil Rekdal er kjent for sin direkte veremåte.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

I mai i år vart Kjetil Rekdal sendt i garderoben under kampen mellom Aalesund og Molde, fordi han var høglydt usamd i dommaren si avgjerd. Han følte seg misforstått og etter episoden var han så lei av media at han boikotta pressa.

I april i år vart han utskjelt av illsinte Rosenborgtilhengarar, som ikkje likte Rekdal sin oppførsel. Han har også skjelt ut spelarar framfor kamera og kalla dåverande Brann-spelar Eirik Bakke, «alkis» på direkten etter kamp.

Ikkje oppdikta

Knudsen seier at kommentarane i Sunnmørsposten er skrivne på bakgrunn av grundig kjeldearbeid, og er ikkje noko dei har dikta opp. Sunnmørsposten har prata både med noverande spelarar, tidlegare spelarar og leiinga i klubben.

– Mange av dei er er kritiske til Rekdal, seier kulturredaktøren, som kjem til å halde fram med å ha eit kritisk blikk på Aalesunds Fotballklubb og trenar Kjetil Rekdal.