NRK Meny
Normal

Mange vert hissige i jakta på ein parkeringsplass

Frekke folk som tar parkeringsplassen du står og ventar på, er berre å rekne med ved kjøpesentra no før jul. Berit Bradley brukar fløyta når det vert for ille.

Berit Bradley

Berit Bradley fann ein ledig plass, men ikkje utan innsats. Ho hadde fleire rundar rundt parkeringsplassen før det dukka opp ei opning.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Otto Longvastøl

Otta Longvastøl leitar etter parkeringsplass.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ein av dei mange som leitar etter parkeringsplass er Otto Longvastøl. Han skal på julehandel på det største kjøpesenteret mellom Bergen og Trondheim. Men først må han finne plass til bilen.

No står eg og jaktar på ein ledig parkeringsplass. Eg håper nokon av desse skal køyre ut snart, seier Otto Longvastøl og peikar på nokre av bilane som står parkert i nærleiken.

Stressande førjulstid

Ved Amfisenteret på Moa i Ålesund er der 2400 parkeringsplassar. Dei aller, aller fleste plassane ser ut til å vere opptekne når julehandelen er på det heitaste. I julestria har senteret leigd inn vakter som skal lose bilistane til ledige plassar.

Det er klart dette er stressande. Men førjulstida er berre slik, seier Longvastøl.

Dani Bonsaksen

Dani Bonsaksen får klaustrofobi av julehandel. Han var tidleg ute for å finne ein plass å sette frå seg bilen.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Klaustrofobi av shopping

Ut frå senteret kjem Dani Bonsaksen. Han er sveitt etter å ha vore ein time på ei elektroforretning. Det blei slett ingen storhandel. Det han har kjøpt får han plass til i ein liten, grøn handlepose.

Eg taklar ikkje denne julehandelen heilt. Eg får nesten klaustrofobi. Og når eg endeleg har bestemt meg for å kjøpe noko, vert eg usikker og ombestemmer meg. Då føler eg meg litt pressa opp i eit hjørne, seier Dani Bonsaksen.

Må vere budd på parkeringskaos

Stress inne i butikkane og stress ute på parkeringa skaper frustrasjon. Men også Dani Bonsaksen understrekar at det er viktig å vere budd på at det er mykje folk og mykje bilar på eit slikt kjøpesenter.

– Ein blir frustrert når ein ikkje finn nokon plass å setje frå seg bilen. Det er frustrasjonen som gneg mest. Men ein må vere førebudd på det. Det er vanskeleg å finne parkeringsplass. Med meg gjekk det bra, for eg kom tidleg, seier Dani Bonsaksen.

Alle skal handle

Parkeringsplass

Folk er vanedyr og vil helst parkere der dei brukar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Kjøpesenteret Moa ligg 11 kilometer aust for bysentrum i Ålesund. Det ligg plassert i eit trafikknutepunkt. Og særleg ved juletider handlar både romsdalingar og nordfjordingar på denne handelsmetropolen på Sunnmøre. Dani Bonsaksen vil gjere eit forsøk på å handle i bysentrum. Det kan hende det er rolegare tilstandar, både når det gjeld parkering og stress i butikkane.

– No skal eg vidare ut i bysentrum. Det er kanskje ikkje lettare å finne parkeringsplass der. Men det er no lov å prøve.

Det er ledige plassar

På Moa er senterleiinga opptekne av korleis kundane opplever situasjonen, ikkje berre inne på butikkane, men også ute på parkeringsareala. Dei har leigd inn parkeringsvakter, slik at kundane skal bli orienterte om kvar det er mogleg å finne ledige plassar.

Senterleiinga presiserer at det stort sett ER ledige plassar kring kjøpesenteret. Det gjeld berre å bruke litt tid på å finne dei.

– Kundane er vanedyr og vil helst stå på ein stad der dei er kjent, seier senterleiar Anne Mari Rødal Kleppe.

Ikkje berre kundar står her

Anne Mari Rødal Kleppe

Senterleiar Anne Mari Rødal Kleppe siere at med 2400 parkeringsplassar, skal det vere nok til alle.

Foto: NRK

Senterleiaren avviser at parkeringsplassane blir opptekne av folk som arbeider på senteret. Dei tilsette har tvert om fått beskjed om å parkere på eit parkeringshus eit stykke unna senteret.

Parkeringsplassane blir også brukte av folk som slett ikkje er kundar på senteret. Senterleiaren er god kjend med at enkelte som er på veg til jobb i byen set frå seg bilen på Moa, og køyrer buss dei resterande 11 kilometra til byen. I byen kostar det å parkere medan dette er gratis på Moa.

– Vi har ikkje kapasitet til å spørje folk om dei skal handle eller berre bruke parkeringsplassen, seier Kleppe.

Jakta på ledig plass

Berit Bradley er blid som ei sol. Ho har nettopp funne seg parkeringsplass ved kjøpesenteret. Men det kravde innsats, det var ikkje berre å køyre direkte til ein ledig stad å setje bilen.

Eg måtte køyre rundt og rundt. Det blei fleire rundar. Og så var det berre å vente til ein plass blei ledig. Brått såg eg ein ledig, og så skunda eg meg med å ta plassen, fortel Bradley. Eg var veldig heldig som fekk ein hjørneplass. Då slepp eg å gå mellom bilane som står så trongt.

Er folk frekke og snappar plassen rett framfor deg?

– Folk er stort sett hyggelege. Men det er litt forskjellig. Eg tykkjer ein del unge er litt raske. Då må ein berre hive seg frampå og bruke fløyta. Men det er ikkje alltid det er hjelp i det heller, seier Bradley.

Må vere rask

I mellomtida ser parkeringsproblema ut til å løyse seg for Otto Longvastøl. Det har kome folk til eit par av bilane i nærleiken. Spørsmålet er om folk berre skal legge frå seg varer i bilen, eller om dei verkeleg skal køyre vekk og frigjere ein parkeringsplass.

Ja, det kjem kanskje ei opning her, seier Longvastøl i det motoren blir sett i gang på ein av bilane i nærleiken. Longvastøl prøver å kome i posisjon. Han ryggar litt og får nesten fri bane til den ledige parkeringsplassen.

Halvanna minutt står Longvastøl framleis utan parkeringsplass. Ein annan bilist var litt meir frampå, og klarte å smette inn i det ledige holet rett framfor nasen på Longvastøl.

Det er alltid slik at nokon snik seg fram, seier han. Brått skjer det imdilertid saker og ting like bak. Ein bil er på veg vekk. No må eg vere veldig rask, seier Longvastøl, seier Longvastøl. Han får plassert bilen på den ledige parkeringsplassen, og innspurten i julehandelen er sikra.