Hopp til innhold

Strekker seg etter sofarekord

Møbelbygda Sykkylven vil ta tilbake verdsrekorden i sofa.

Verdas lengste sofa
Foto: Jon Hole

Med ein sofa på 80 meter tok polakkar verdsrekorden frå sunnmøringane.

No vil dei ha revansj.

Laga sofa på 60 meter

Under Sykkylvsdagane i fjor monterte møbelbygda ein sofa på 61,52 meter.

LES MEIR: Verdas lengste sofa

I starten av 2009 såg ein sofa på 80 meter dagens lys i Polen.

LES MEIR: Polakker slår Ekornes-rekord

Det fall i dårleg jord hjå sunnmøringane.

- For låge ambisjonar

- Nei, det er jo klart at når me syns me har laga ein skikkeleg lang sofa, og dei slår oss med 20 meter, så vert me jo litt skuffa. Men det seier jo berre at ambisjonsnivået var for lågt då me laga den førre, seier Arve Ekornes.

Til sommaren set ei samla møbelnæring saman ein endå lenger sofa. Det skal skje den 14. juni, som ei avslutning på Sykkylvsdagane.

- Sykkylven er ein møbelkommune med lange tradisjonar. Det er viktig for oss å markere det, seier Ekornes.

Avslører ikkje lengden

Men han vil ikkje avsløre lengden på sofaen.

- Nei, det må me vente litt med. Me har bestemt det, og fordelt oppgåver mellom dei ulike verksemdene, men eg trur ikkje me kan fortelje alle planane enno.

- Kvar skal du plassere denne sofaen då?

- Nei, det kan eg ikkje seie. Då kan folk forstå kor stor den skal verte, seier Ekornes.