Hopp til innhold

Vektarstreik-forvirring om pasienttransport

Det er no full forvirring om kven som hindrar pasienttransport mellom Molde og Trondheim. Partane skuldar på kvarandre.

Krohn Air fly på Årø

Krohn Air har berre ei flyrute. Den går mellom Molde og Trondheim. Ein stor del av passasjerane er pasientar.

Foto: Roar Strøm / NRK

Krohn Air er eit lite selskap som blei oppretta i Molde i februar. Selskapet driv ei einaste rute, mellom Molde og Trondheim. Ein stor del av passasjerane er pasientar som skal til og frå St.Olavs hospital i Molde.

Claus Krohn

Direktør i Krohn Air, Claus Krohn.

Foto: Roar Strøm / NRK

Direktør Claus Krohn held fredag formiddag fast på at NHO har sagt nei til at selskapet skal få frakte pasientar til og frå Trondheim.

– Eg trudde NHO skulle tene bedriftene og ikkje minst dei små bedriftene, seier Claus Krohn.

NHO avviser

Informasjonsdirektør i NHO, Kåre Verpe, seier imidlertid til NRK at Claus Krohn må ha misforstått. Han seier at NHO ikkje har avvist nokon dispensasjonssøknad.

– Vi har svart på kvitt at det er Norsk Arbeidsmandsforbund som har nekta dispensasjon. Claus Krohn kan verken søkje eller få nokon dispensasjon. Det er det Molde flyplass som kan. Kva enn Claus Krohn enn måtte meine, tru eller håpe, så blir dette berre gale, seier Kåre Verpe. Dette kan sjekkast hos Helse Midt-Noreg, hos Arbeidsmandsforbundet og hos oss, seier Verpe.

Arbeidsmandsforbundet avviser

Tron Erik Thorvaldsen Arbeidsmandsforbundet avviser at det er dei som har stoppa paseienttransporten som Krohn Air driv. Rett nok stoppa dei ein dispensasjonssøknad i første omgang. Men då dei fekk vite at selskapet dreiv pasienttransport endra Arbeidsmandsforbundet innstillinga si.

– I den første søknaden om dispensasjon sto det rett nok ikkje noko om sjuketransport. Difor blei ikkje den første søknaden innvilga av oss. Men med ein gong vi blei merksame på at selskapet dreiv pasienttransport, sa vi umiddelbart ifrå til Krohn Air at den gamle søknaden kan gjenopnast med tilleggsopplysningar om pasienttransport. Det var på dette tidspunktet at NHO nekta, seier Tron Erik Thorvaldsen.

– Dispensasjonen må gjelde flyplassen, ikkje selskapet

Også etter at opplysningane frå Arbeidsmandsforbundet har kome fram, held NHO fast ved at det ikkje er selskapet som skal søkje eller få dispensasjon. Det er det kun flyplassen som kan få.

– I søknaden har vi grundig gjort greie for kva som er situasjonen ved Molde lufthamn. Her har vi søkt om ein dispensasjon frå streiken. Denne har vi fått avslag på. Vi har opne kanalar i forhold til den andre parten i konflikten, særleg når det gjeld liv og helse, seier direktør Terje Nygaard i NHO.

Ungt selskap slit under streiken

Direktør Claus Kroh i Krohn Air seier at selskapet kan kome til å slite økonomisk om streiken blir langvarig.

– Eitkvart selskap som må innstille verksemda si over tid vil få økonomiske vanskar. Vi er ikkje noko unnatak i så måte. Vi vil nok halde ut ei tid, men vi vil slite over ein lang periode før vi kjem over kneika att, seier Krohn.