Hopp til innhold

Streik ved Hustad fengsel

I to timar tidlegare i dag gjekk dei organiserte fengselstilsette ved Hustad fengsel ut i politisk streik. Den landsomfattande streiken til Kriminalomsorgens Yrkesforbund og Norsk fengsel- og friomsorgsforbund er ein protest mot forslaget frå Regjeringa i Statsbudsjettet om nedlegging av sju fengselsavdelingar her i landet. Regjeringa meiner det ikkje er behov for like mange fengselsplassar, etter at det har kome nye fengsel og kvar tredje domfelte soner med fotlenke. Ved Hustad fengsel blei dei innsette låst inne under streiken, og tre tilsette har vakthaldet som under nattbemanning, opplyser fengselsleiar Frode Erlandsen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL