Partane sit no i mekling, og dersom dei ikkje blir samde før midnatt, kjem samtlege 12 fly til og frå Vigra til å bli kansellerte i morgon. På Vigra kan 26 tilsette bli tekne ut i streik.
– Vi ønskjer ikkje at flyplassen skal bli stengd, men dette er sentrale forhandlingar som vi berre må avvente resultatet av, seier lufthamnsjef Tor Hånde. Han seier dei lokalt har liten innverknad på utfallet av meklinga. Lokalt tillitsvalde vil ikkje kommentere situasjonen.
Dei andre flyplassane i fylket blir førebels ikkje ramma av ein eventuell streik.