Straumstans på Ellingsøya

I underkant av 400 husstandar er utan straum på Ellingsøya i Ålesund. Det er feil i høgspentnettet. Det er kundar som bur frå Årset og austetter som er råka av feilen, ifølgje nettsidene til Mørenett.

Det er førebels uvisst kor lang tid det vil ta å reparere nettet. Det har vore fleire straumbrot i området, mellom anna på Åse/Furmyr, Blindheim, Magerholm, Olsvika/Bingsa, i Alvika og i Brusdalen.