Hopp til innhold

Straumstans i Volda

  • 400 utan straum

    Driftssentralen til Mørenett opplyser at dei til saman hadde tre feil på nettet i løpet av søndagen. Blant anna fekk Sogn og Fjordane Energi ein feil på si linje til Austefjorden, og i tillegg datt eit tre over ei straumlinje i same området. Rundt 400 kundar vart utan straum i fleire timar i på Folkestad, i Dalsfjorden og i Austefjorden i Volda. Mørenett melder at straumen skal vere tilbake seinast klokka 22.

  • Utan straum

    Dalsfjorden og Austefjorden er utan straum på grunn av feil på linje fra Leivdal. Montører fra Sogn og Fjordane Energi er på veg. Mørenett vil prøve å kople inn mest mogleg fortløpande, men på grunn av andre feil vil dei ikkje få alt inn før den siste feilen er retta, skriv Mørenett på sine sider.