Hopp til innhold

Straumproblem for Moldejazz

Ein jordfeil gjorde at konserten med Ane Brun vart avbroten etter at litt over tre songar var framførte. Konserten er no i gang att.

Konsert på Romsdalsmuseet
Foto: Mobilfoto: Roar Strøm / NRK

Det var like over kl 17.30 at straumen gjekk, og feilen kan ta alt frå 2 til 10 minutt å reparere, fekk publikum opplyst.

Om lag 17.45 kom konserten i gang att, då feilen var retta.

Det er venta 3-4000 menneske til konserten, som er den fyrste av utekonsertane på Romsdalsmuseet under årets Moldejazz.

Patti Smith skal på scena etter Ane Brun er ferdig med sin konsert, som no truleg blir litt seinare, grunna straumbrotet.