Allereie i dag betalar hushaldningane her i fylket omlag 800 kroner ekstra i året på grunn av kraftunderskotet.
Industrien brukar mest
Hydro aluminium på Sunndalsøra står for halvparten av straumforbruket i fylket åleine. (Foto: Øivind Leren)
Det er industrien som primært har skuld i den anspente kraftsituasjonen i Møre og Romsdal. Hydro Aluminium Sunndal, Hustadmarmor i Fræna og landanlegget for Ormen Lange-gassen i Aukra er og blir store straumbrukarar, og underskotet er venta å stige fram mot 2010.
– To moglege løysingar
For å unngå auka straumpris, må det anten byggast gasskraftverk eller nye overføringsliner inn til fylket frå Nordland og Sogn og Fjordane, seier seniorrådgjevar i NVE, Asle Selfors.
– Hastar
Både gasskraftverk og bygging av nye overføringslinjer frå Nordland eller Sogn og Fjordane vil ta 4-6 år. Selfors meiner difor det hastar med å få ei avgjerd i saka. For slik situasjonen er no er Møre og Romsdal det området i landet som har dei største utfordringane i forhold til forsyningssituasjonen.
NVE er forsiktige med å krevje bygging av gasskraftverk, men er klare på at noko må gjerast.