Hopp til innhold

Straumlaust i Tingvoll

Natt til onsdag forsvann straumen i store delar av Tingvoll. Nordmøre Energiverk opplyser at straumen snart skal vere tilbake.

Tingvoll

Det var i natt klokka 02.34 at Vågbø-linja ved Tingvoll trafostasjon falt ut.

Kundar på strekninga – Holmeide/Vågbø–Meisingset–Sandnes–Skar–Havdal–Rottås–og tilbake mot Tingvoll (Saghøgda) vart råka av straumbrotet.

– Klokka 05.45 er det berre abonnentar på strekninga Meisingset mot Sandnes som er utan straum, opplyser Tom Heggem i Nordmøre Energiverk.

Dette gjelder 4 trafo kretsar: Sæterli, Åsprong hyttefelt, Åsprong og Sandnes.

Feilsøking og retting går føre seg.