Hopp til innhold

120 000 uten straum i morgontimane

Sunnmøre har vore utan straum to gongar i morgontimane. Årsaka er straumbrot på Statnett si hovudlinje mellom Viklandet i Sunndal og Ørskog.

Svein Rødal i Istad Nett

FRYKTA BROT: Beredskapssjef for straum i Møre og Romsdal, Svein Rødal har frykta brot på straumforsyningslinja frå nord. I dag skjedde det.

Foto: Picasa 2.7

Det er framleis brot på hovudlinja, men Tafjord og Tussa kraft arbeider no med å få tilbake kraft på nettet ved hjelp av eigenproduksjon.

Vil bruke helikopter

Førebels veit dei ikkje kvifor det er brot på hovudlinja, men Statnett arbeider på spreng for å finne det ut.

Dei vil bruke helikopter for å finne ut kvar feilen ligg.

120 000 utan straum

Feilen førte til at heile Sunnmøre var utan straum i knappe 20 minutt frå like før klokka 0630, og omlag ein halvtime frå klokka 0730.

Ved hjelp av eigenproduksjon på Sunnmøre, skal straumforsyninga no vere stabil.

Det var ikkje brot på hovudlinja frå Sogn, slik informasjonen først gjekk ut på.

Brotet er på hovudlinja som forsyner Sunnmøre med straum nordfrå.

Frykta

Beredskapsjefen for straum i Møre og Romsdal ,Svein Rødal i Istad Nett, seier han har frykta brot på denne linja.

- Sunnmøre er avhengige av denne leidningen. Heldigvis skjer det på eit tidspunkt der forbruket er lavt, då klarer vi å dekke opp brotet med eigenproduksjon. Det hadde vore mykje verre om dette skjedde tidlegare i vinter, seier Rødal.

Han presiserer at dette vil vere eit sårbart punkt heilt til den nye linja mellom Ørskog på Sunnmøre og Sogn i Fardal blir bygd.

– Med den nye linja på plass ville ikkje dette ha skjedd, seier Rødal

Straumbrotet gjorde at NRK Møre og Romsdal sine sendingar ikkje gjekk på lufta.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL