Hopp til innhold

- Straumen er tilbake på Søre Sunnmøre

Dei fleste skal no ha fått tilbake straumen etter straumbrotet som var på Søre Sunnmøre i morgontimane i dag. Men det vert framleis venting på ferja.

Kø på ferjekaia i Volda

KØ: Straumbrotet førte til problem med ferjelemmen. Dermed vart det lange køar ved ferja mellom Volda og Folkestad i morgontimane i dag.

Foto: Leserbilete

Straumen forsvann rundt klokka 06.15 og tusenvis av abonnentar vart råka.

- Det var ein feil på hovudforsyningslinja mellom Sykkylven og Ørsta som førte til straumbrotet, fortel Elling Dybdal, administrerande direktør i Tussa.

Fleste fått tilbake straumen

Tussa leverer no straum på ein alternativ forsyningsmåte medan dei reparerer feilen. Dei fleste skal ha fått tilbake straumen, men i nokre områder vil problemet vare ei stund til.

- Det er vanskeleg å seie kva tid alt er fiksa, men om ikkje så lenge vil nok alle ha straumen tilbake, seier Dybdal.

- Dersom nokon er i ein kritisk situasjon der dei treng straum, kan dei ringe 700 46 200, så skal vi prøve å hjelpe.

Ferjetrøbbel

Også ferjene har hatt trøbbel på grunn av straumbrotet.

Ferja mellom Volda Folkestad har vore innstilt tidligere i dag på grunn av problem med straumtilførselen til ferjelemmen.

No er ferja i normal drift igjen. Men på strekninga mellom Volda og Lauvstad må ein pårekne forseinkingar utover formiddagen, melder Tide Sjø.

Nedsatt hastigheit

Straumbrotet har òg ført til tiltak i Eiksundtunellen.

Her er det satt inn ledebil som køyrer fram og tilbake. Fartsgrensa er satt ned til 60 kilometer i timen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.