NRK Meny
Normal

Straumåret 2016: Stabile prisar i vente

Du som betalar straumrekningane kan truleg puste roleg ut. For noko prishopp er ikkje i vente.

Svorka Energi

Jamn straumproduksjon skal gi stabile prisar i lang tid, trur Svorka Energi.

Foto: NRK

Det er Bård Andreassen, som leiar krafthandelen i Svorka Energi som kan roe straumkundane.

I vinter har det vore etter måten låg pris på straumen, til glede for hus og heim.

Bård Andreassen

Bård Andreassen, som leiar krafthandelen i Svorka Energi, har ingen indikasjonar på noko prishopp.

Foto: Roar Halten / NRK

– Ikkje noko tyder på at vi skal få spesielt høge prisar i næraste framtid. Og då snakkar vi faktisk år framover, fortel Andreassen.

Men han må sjølvsagt ta atterhald.

– Dette er ein bransje der det kan skje uventa ting, om det er vêrmessig, klimamessig eller andre årsaker som brått slår inn. Men prisane fram i tid er ganske statisk slik dei er i dag.

I desse dagar gler han seg over varelageret – snøen som ligg i fjella. Det er den, saman med vassmagasina, kraftselskapa skal produsere straum av utover sommaren.

2016 eit normalår

Mye snø i fjellet

Snø i fjellet og vatn i magasina skal sikre normale straumprisar framover.

Foto: Privat

Ifølge Andreassen er det eit normalår når det gjeld mengda snø. Han har sjekka statistikk som viser at vi har om lag mykje snø i på denne tida av året som det som er vanleg.

Han viser til nettsida senorge.no, som mellom anna viser snømengda rundt om. Denne sida som Noregs Vassdrags og Energidirektorat og Meteorologisk institutt har utarbeidd gjer at ein kan samanlikne med tidlegare år.

– Vi ligg bra an, for vi har ein del vatn i magasina også. Litt meir enn normalt, så i sum har vi eit normalt «varelager», fortel Andreassen.