Hopp til innhold

I helga er siste sjanse, no stenger skisentera

Trass nysnø og pudderføre blir dette den siste helga for fleire av skisentera i landet.

Det har kome nysnø på Strandafjellet skisenter 27. april 2023

Det har kome nysnø på Strandafjellet dei siste dagane.

Foto: Stian Græsdal/Strandafjellet skisenter

Mange drøymer om sol og sommar, men vinteren vil ikkje sleppe taket. På Strandafjellet skisenter på Sunnmøre har det kome 20 centimeter med nysnø. Det er ganske uvanleg så langt ut på våren.

– Det blir ei bra helg med meir snø i vente. Det blir pudderføre og truleg ein del frikøyrarar som kjem, seier marknadssjef, Mari Riksheim.

Metta av ski

Skisenteret ventar det skal kome mykje folk i helga, for etter dette er sesongen slutt. Skulle ein berre gått ut frå snømengdene kunne dei halde skisenteret gåande til midten av mai, men interessa dabbar av etter påske.

– Mange blir metta av ski. Dei er klare for vår, seier Riksheim.

Framover har skisenteret ei heilt anna kundegruppe å konsentrere seg om. Cruiseturistar utan ski på beina som tar gondolen opp og ned.

Det har kome nysnø på Strandafjellet skisenter 27. april 2023

På Strandafjellet er dei klare for siste helg med skikøyring for sesongen.

Foto: Stian Græsdal/Strandafjellet skisenter

I Sirdal er det også sesongslutt i helga.

– Det er fine forhold og påskesnø. Det er godt med snø i løypene og eigentleg kunne vi ha hatt ope ei helg eller to til, seier leiar Merete Liland.

Problemet er at skisenteret har sommardrift med mellom anna klatring, juving og vasspark. Då treng dei tida til å rigge om.

Les også Folk strømmer til alpinbakkene: – Høyeste omsetninga på 30 år

Skibakkene på Lifjell skisenter 1. mars 2023.

Fleire får snø

Vakthavande meteorolog hos Meteorologisk institutt, Dina Stabel, seier at det kan kome snø oppe i høgda fleire stader no i helga.

– På laurdag er det høgast snøgrense sør på Austlandet der den er på rundt 600 meter så er den litt lågare i Nord-Noreg der den går ned i 200 meter, og i resten av landet ligg den på rundt 400 meter.

På søndag kan både Vestlandet og Nord-Noreg vente seg enda meir snøpåfyll i høgda, seier ho.

Vil ha ope ei veke til

På Narvikfjellet håper dei og å kunne halde sesongen i gang helt fram til 7. mai.

Det er framleis nokre fine dagar med ski hos oss, seier dagleg leiar Jim Ove Johansen.

Men han fortel at dei ser at våren er på veg.

– Enkelte nedfartar ikkje lenger mogleg å halde open på et forsvarleg vis.

Les også Snøfest i påskefjellet: – Forholdene kunne vel ikke vært bedre

Kristine Simonstad, Vegårshei Ski- og aktivitetssenter.

Kaldare enn normalt

Men ifølgje meteorolog Stabel vil temperaturane framleis halde seg ganske låge i store delar av landet både denne og neste veke.

– Det er lågare temperaturar enn det som er normalt på denne tida av året, seier ho.

Har allereie stengt

Både Hafjell og Kvitfjell stengde 16. april. Då la dei bak seg ein knallbra sesong med fleire rekordar. Det er framleis mykje snø i fjellet og gode forhold, så dei kunne ha hatt ope, men må prioritere vedlikehald.

– No er det vedlikehald av alle heiser som er i fokus, i tillegg til at Hafjell får ny stolheis til neste sesong der bygningsarbeidet startar no, seier kommunikasjonsansvarleg Veslemøy Eineteig Wedum.

På Hafjell har de allereie starta førebuingane til sommaren. Dei må grave seg gjennom fleire meter snø for å kome ned til kummen som skal gjere det lettare for vatnet til å renne. Video: Knut Løkås, Alpinco.

Alpinbakkane i Trysil stengde 23. april, sjølv om forholda er veldig gode, opplyser Petra Hallebrant som er PR- og kommunikasjonssjef i Skistar AB.

Skistar har også ansvar for alpinanlegg i Hemsedal, som stenger anlegget 1. mai, trass i gode forhold.

– Alle nedfartar er opne og det er tørr snø frå midten av anlegget og opp. Forholda er rett og slett så bra som dei kan vere, seier Petra Hallebrant.

Stryn vinterski stengde anlegget for sesongen etter andre påskedag, men også dei hadde sjansen til å halde ope lenger.

– Men tradisjonelt er gjerne folk i et modus for å stelle med hage, hus og heim etter andre påskedag, seier dagleg leiar Frode Briksdal, som er fornøgd med sesongen dei har hatt:

– Vi kom litt seint i gang med ei stabil drift på grunn av lite snø, men vi fekk med oss vinterferien og ikkje minst påska. Då var vi veldig heldig med vêret og det var godt med snø.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL