Stein Lillebo er kommunikasjonsrådgjevar i Hurtigruten.
Foto: Art Rent AS– Vi er ikkje overraska over lagmannsretten, men vi er sjølvsagt veldig fornøgde med utfallet av saka. Det seier kommunikasjonsrådgjevar Stein Lillebo i Hurtigruten til NRK.
– Kva betyr dette for dokke?
– For oss betyr det ein betydeleg reduksjon i avgiftene i Geiranger og Stranda og det er vi veldig glade for, seier Lillebo. – Det dommen slår fast er at norske hamner ikkje kan ta seg betalt for ingenting, det må ligge ei kalkyle bak eit krav, og det er det vi har etterspurt heile vegen.
- Les også:
Fekk medhald også i tingretten
Dette er andre gong saka blir behandla i retten. Her frå behandlinga i Sunnmøre tingrett.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKHurtigruta fekk medhald i tingretten, og Sunnmørsposten skriv no at dei også har fått medhald i ankesaka i lagmannsretten.
Lagmannsretten meiner Stranda hamnevesen har behandla Hurtigruten strengare enn andre selskap og at dei ikkje har kunne dokumentere korleis dei har kome fram til prissetjinga av passasjervederlaget.
Blei samde om anløpsavgift
Dommen gjeld ikkje anløpsavgifta som selskapa også var usamde om, fordi selskapa har blitt samde om ei ordning for dette.
Stranda hamnevesen må også betale Hurtigruten sine sakskostnader på til saman 1,4 millionar.
– Trur du at siste ord er sagt i denne saka, eller blir det ein ny rettsrunde, trur du?
– Det har eg inga meining om dagen etter at dommen er avsagt, seier Lillebo.