Stranda ser mot Ørsta og Volda
Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad vil starte samtalar med Ørsta og Volda om å bygge ein felles kommune. Stranda har avvist samtalar med Sykkylven no, medan Stordal og Norddal ikkje ønskjer å slå seg saman med Stranda. Volda og Hornindal slår seg saman, medan Ørsta står åleine. Tryggestad seier at å sjå til Ørsta og Volda kan vere interessant, men at det ikkje betyr at Sykkylven er uaktuelt.