Hopp til innhold

ROBEK-kommune senkar avgiftene

Trass i stram økonomi, har Stranda kommune sett ned prisen på kommunale avgifter med over 12 prosent.

Stranda kommune - Ordfører Tryggestad

Ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad, er fornøgd med at innbyggjarane no får lågare kommunale utgifter.

Foto: Maria Holand Tøsse / NRK

Dei fleste innbyggjarane i norske kommunar måtte i år godta ei auke i dei kommunale avgiftene. Det viser ei undersøking frå Statistisk sentralbyrå.

Men i nokre kommunar har avgiftene vore så høge at det i år var på tide med ein reduksjon. I Møre og Romsdal gjeld det i første rekke Stranda kommune.

– Meir pengar enn vi klarer å bruke

– Vi har fått inn fleire pengar enn vi har klart å forbruke. Midlane skal då tilbake til brukarane og det er innbyggjarane i Stranda, forklarar senterpartiordførar Jan Ove Tryggestad.

For innbyggjarane i Stranda betyr det langt lågare kommunale avgifter enn dei måtte ut med i fjor. Til trass for ein svært anstrengde økonomien i den ROBEK-lista kommunen, har avgiftene blitt redusert med heile 12,6 prosent.

Ikkje lovleg

Ein skulle tru at den kriseramma kommunen ville brukt dei ekstra kronene til å pynte på budsjettet, men det blir ikkje aktuelt.

– Det kunne vore freistande sjølvsagt, men det er rett og slett ikkje lovleg, seier Stranda-ordføraren.
– Vatn og avløp og renovasjon skal vere bygd opp etter sjølvkostprinsippet. Ekstra skattlegging er ikkje lovleg. Vi held oss til lover og reglar, forklarar han.

– Lågast mogleg

Pengane går dermed tilbake til innbyggjarane i kommunen, noko Tryggestad meiner er heilt rett.
– Med med dei totale belastningane som innbyggjarane har i forhold til at vi innfører eigedomsskatt, så er det viktig at dei kommunale avgiftene verte haldne på eit lågast mogleg nivå, seier Tryggestad.