NRK Meny
Normal

Fylkesmannen ber Stranda halde stø kurs

Assisterande fylkesmann Rigmor Brøste gir skakkøyrde Stranda kommune klar beskjed. Ein nyleg godkjent 10 års nedbetalingsplan må fylgjast til punkt og prikke.

Rigmor Brøste Kjersem

Assisterande fylkesmann Rigmor Brøste vonar eit hardt råka Stranda gjer vel i å halde stø kurs økonomisk i åra framover.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det har lenge vore ei kjent sak at Stranda kommune slit tungt med økonomien. Kommunen slit med skyhøg gjeld og over 50 millionar i oppsamla underskot.

Stranda fekk nyleg godkjent ein nedbetalingsplan på inntil 10 år av kommunal- og regionaldepartementet.

– Hald kursen!

Med seg til kommunestyremøtet på Stranda onsdag hadde assisterande fylkesmann Rigmor Brøste ein klar beskjed til kommuneleiinga og den politiske leiinga.

– Det krev svært stram styring og at alle i kommuneleiinga går i same retning for å saman få kommunen ut av denne situasjonen.

– Viktigast for Stranda kommune er det at ein viser vilje til å omstille og fornye seg, samt halde stø kurs, seier Brøste.

Jan Ove Tryggestad

Det blir tøffe tider framover for Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp).

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Ordføraren er klar for tøffe tak

Ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad (Sp), meiner det er avgjerande at kommunen no har fått godkjent tiårsplanen.

– Det viktigaste blir derimot å etterleve planen over tid, og å levere slik det står i planen. Utan det har planen null verdi, seier han til NRK onsdag kveld.

Tryggestad er klar på at det blir 10 tøffe år.

– Det blir veldig lite rom for nye tiltak, men erfaringsmessig ser innbyggjarane i Stranda realiteten. Ein tilpassar seg kvardagen. Samstundes trur eg den kreative krafta, som ligg i lokalsamfunnet, vil sjå på dette som ei ekstraordinær utfordring.

Det viktigaste gjennom planen er å kvitte seg med det akkumulerte underskotet.

– Det er på 50,8 millionar kroner, og det skal dekkast inn over desse 10 åra. Lånegjelda er på 890 millionar, og er den store bøygen. Gjennom dei 10 åra skal vi få kvitta oss med 300-400 millionar, avsluttar Tryggestad.