NRK Meny

Stramt budsjett

Styret i Helse Møre og Romsdal vedtok i dag budsjettet for 2017. Med eit resultatkrav som går i 0,- har Helse Møre og Romsdal ei omstillingsutfordring på 145 millionar kroner.

Helseforetaket fekk endra rammer som følgje av budsjettforhandlingane i Stortinget, med ein nedgang i inntektene på 17,5 millionar kroner. Helse Møre og Romsdal har eit driftsbudsjett på 5,9 milliardar kroner.