Straffa for villkøyring

Ein tenåring frå Nordmøre er dømt til 18 dagar i fengsel for å ha køyrt for fort. Han får ei prøvetid på to år. Tenåringen må også betale ei bot på 13.000 kroner. Han køyrde 106 kilometer i timen i ei 60-sone.