Hopp til innhold

Straffa for å ha feira med pumpehagle

Dei feira nystarta bedrift med øl, vodka og skarpe hagleskot.

Det pågår en væpnet aksjon i Kristiansund.

Dette blei filma under politiaksjonen på Nordlandet i Kristiansund i slutten av mai i år.

Ein av dei to mennene i 30-åra som blei pågripne etter å ha skote med hagle i Kristiansund i mai i år er no dømd.

To kameratar hadde same dagen motteke organisasjonsnummeret for det nye aksjeselskapet dei hadde stifta. Det feira dei to mennene med alkohol og skot frå ei pumpehagle ut gjennom vindauget i bustaden sin.

Dei skarpe skota rikosjerte mot vindauget i nabobygget, og utløyste ein stor politiaksjon på Nordlandet i Kristiansund.

Feiringa enda i eit smell. Etter at dei to mennene var ferdig med skytinga låste dei hagla inn i våpenskapet igjen – men heldt fram med ei promillefylt feiring.

Dottera til den eine mannen var i bustaden då kameratane skaut med hagla.

Arrestert

Politiaksjon Kristiansund

Folk var bedne om å halde seg vekke frå området under politiaksjonen.

Foto: Per Kvalvik

Etter at politiet hadde ropt i megafon for å få dei to ut av huset blei begge pågripne. Heilt udramatisk, ifølge politiet. Då dei kom til politistasjonen tilstod den eine mannen å ha brukt våpenet.

Den andre forklarte til politiet at han ikkje huskar å ha fyrt av hagla, og blei frikjent i retten. Retten har kome fram til at den andre mannen var den einaste som skaut. Han er no dømd til å gjennomføre 120 dagar samfunnsstraff. Viss det ikkje let seg gjere må han i fengsel, like lenge.

Ifølge dommen hadde mannen blitt straffa med fengsel i seks månader eller lenger viss han ikkje tilstod.

Sistnemnde har vore straffa 18 gongar tidlegare. Han samlar på våpen, og under aksjonen tok politiet hand om fleire av dei. Ei hagle, ei rifle, ei antikk hagle og ammunisjon.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL