Hopp til innhold

Gjekk i støttetog for premature i Ålesund

Hundrevis av folk møtte laurdag opp i Ålesund sentrum for å vise si støtte til nyføddavdelinga ved Ålesund sjukehus. Dei aller minste premature kan bli sendt til Trondheim.

Støttemarkering i Ålesund
Foto: Jannicke Farstad / NRK

Førre veke blei det klart at ei ekspertgruppe meiner at Ålesund sjukehus ikkje oppfyller krava og at dei minste premature bør sendast til St. Olavs i Trondheim.

Liv-Tone Ulstein Brunstad og Anette Myklebust Haram

Initiativtakarane bak Facebook-gruppa «De små vil også sjå», Liv-Tone Ulstein Brunstad og Anette Myklebust Haram.

Foto: Jannicke Susann Farstad

Det reagerer initiativtakarane bak Facebook-gruppa «De små vil også sjå», Liv-Tone Ulstein Brunstad og Anette Myklebust Haram på. Difor arrangerte dei eit støttetog for neonatalavdelinga i Ålesund i dag. i kampen for å få behalde nyføddavdelinga i Ålesund.

– Dette gjer vi for å vise kor viktig avdelinga er for fylket vårt og for å vise vår fullstendige tillit og respekt for arbeidet dei gjer, seier initiativtakarane som legg vekt på at det er eit støttetog og ikkje eit protesttog, seier Ulstein Brunstad.

Anbefaler å sende barna til Trondheim

Sidan juni 2015 har Helse Midt Norge jobba med å få like reglar for behandling av premature barn.

Både Ålesund og Trondheim tar imot barn fødd heile ned i veke 23. Ei uavhengig ekspertgruppe har no konkludert med at nyføddavdelinga ved St. Olavs oppfyller krava for å behandle dei aller minste, men det gjer ikkje avdelinga i Ålesund.

Dei anbefaler difor at Helse-Midt Noreg samlar behandlinga av barn fødde før veke 26 i Trondheim. Dersom avdelinga i Ålesund skal tilby denne behandlinga, er det naudsynt at nyføddlegane opparbeider kompetansen i tråd med krava, står det i rapporten.

Dei skriv også at dei ikkje finn det naudsynt å legge vesentleg vekt på reiseavstanden mellom Ålesund og Trondheim.

Støttemarkering i Ålesund

Mange hadde møtt opp for å vise sin støtte.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Fryktar for konsekvensane

Ulstein Brunstad fryktar for konsekvensane dersom avdelinga blir flytta til Trondheim.

– Desse barna er så små at berre eitt minutt kan vere avgjerande. Vi er redd for at desse vil miste dyrebar tid og den eksperthjelpa dei får her i Ålesund, kontra det å bli frakta til Trondheim i helikopter, seier ho.

– Vi fryktar også at vi vil miste viktig kompetanse her i Ålesund dersom avdelinga blir flytta, og at den ekspertisen som finst her no vil forsvinne, held ho fram.

Uroa for utviklinga

Ordførar Eva Vinje Aurdal

Ordførar Eva Vinje Aurdal heldt tale under markeringa.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal var tydeleg rørt under engasjementet i Ålesund sentrum i dag. Ho fryktar at flyttinga av neonatalavdelinga kan føre til nedbygging av heile avdelinga.

– Det er ei kjensgjerning at Helse Møre og Romsdal har få regionale funksjonar. Då er det klart at ein blir redde for kva vi står igjen med når vi høyrer at dei ønskjer å flytte fleire funksjonar frå Ålesund til St. Olavs i Trondheim, seier Aurdal.

Det er ein del av eit heilskapleg bilete som dei er uroa for, meiner ordføraren.

– Vi ønskjer at Ålesund sjukehus framleis skal vere eit sterkt sjukehus, og at helseregionen vår ikkje skal tape desse funksjonane, seier ho.

– Eg skal ikkje uttale meg om den helsemessige vurderinga i denne saka, men eg meiner at vi er inne i ei farleg utvikling når desse funksjonane blir flytta frå Ålesund sjukehus, held ho fram.