NRK Meny
Normal

Støttagruppa etter 22.juli skal få forklaring frå statsadvokaten

-For oss er det viktig å få prata med statsadvokaten seier Hege Løseth, som er leiar i støttegruppa i Møre og Romsdal.

Hege Løseth

Hege Løseth er leiar i støttegruppa i Møre og Romsdal

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Tiltale, Breivik, statsadvokatene

Statsadvokat Inga Bejer Eng kjem til Molde for å prate med dei pårørande.

Foto: Åserud, Lise / Scanpix

I dag presenterte statsadvokat Inga Bejer Engh tiltalen mot Anders Behring Breivik, og for dei pårørande var det sterkt å høyre tiltalen bli opplese.
Støttegruppa etter 22. juli har no invitert Bejer Engh til eit møte i Molde før rettssaka.

Vil få forklaring

– Der vil vi få ei nærare forklaring på kvifor ikkje alle er nemnt i tiltalen, seier leiar i støttegruppa i Møre og Romsdal, Hege Løseth. Sjølv fekk ho dottera si tilbake frå Utøya.

Ho veit at mange har vondt for å forstå at ungdom som vart jakta og skotne på, ikkje vart nemnt i tiltalen. Det og andre ting dei pårørande lurer på, vil dei no spør statsadvokaten om.

Blanda kjensler

Tiltalen mot Breivik

Tiltalen mot Breivik vart i dag presentert

Foto: David Krekling / NRK

Korleis har dagen i dag vore?

–Dette er ein dag vi har sett fram til, både med gru og spaning, seier Løseth. Støttegruppa er no oppteken av å gjere best mogleg førebuingar før rettssaka. Den vil bli overført både frå Sunnmøre og Nordmøre tingrett.

– Vi prøver å skaffe oss mest mogleg informasjon om kva som ventar oss. Vi veit at det vil bli vist ein del bilete og også at obdusentane skal bruke dokker for å illustrere, seier Løseth.

Mange av dei som var på Utøya, er avgangselevar. Støttegruppa har jobba mykje for å få ei god tilrettelegging for dei under eksamenstida, som skjer samstundes med rettssaka.

– Vi har hatt eit svært godt samarbeid med Fylkesmannen, seier Løseth.