Hopp til innhold

Støttar ikkje forslag om skatteendring

– Venstre kjem ikkje til å støtte regjeringa sine planar om endringar i eigedomskatten, det seier partiet sin stortingsrepresentant Pål Farstad.

Pål Farstad

Pål Farstad trur endringa i eigedomsskatten vil gå utover velferdstilbodet, omsorgstenestene og skuletilbod i kommunane.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

I sommar sende Finansdepartementet ei skatteendring ut på høyring som kan bety store inntektstap for ein del kommunar, blant anna Aukra, Aure, Sunndal og Smøla.

Stortingsrepresentant Pål Farstad meiner at Staten vil tene meir på endringa, enn bedriftene.

– Det som no har kome frå regjeringa er ikkje i tråd med det Venstre ønskjer. At det går meir pengar inn til det statlege på kostnad av kommunane, er ein politikk som vi ikkje kan vere med på, seier han.

Dramatisk vedtak

Forslaget går ut på at alt innanfor fabrikkbygningane skal vere fritatt for eigedomsskatt, men ikkje sjølve bygninga. Det har vore eit mangeårig krav frå NHO og eit løfte i regjeringserklæringa.

Ordførarar frå Aukra, Smøla, Sunndal og Aure har kome med protestar, og Pål Farstad lyttar til dei.

– Eit slikt vedtak vil vere veldig dramatisk for fleire kommunar i Møre og Romsdal og elles i landet, seier han.

Farstad meiner at det er viktig å lage ordningar slik at kommunane slepp å bli ramma.

– No er det stort sett halvstatlege store selskap som vil dra mest nytte av eit slikt vedtak, seier Farstad.

– Det som er tydeleg er at dette vil gå utover velferdstilbodet, omsorgstenestene og skuletilbod i kommunane som blir råka av dette. Vi meiner at det er ei viktig årsak for å ikkje vere med på dette, meiner Farstad.

Overraska

Helge Orten frå Høgre er overraska over at Venstre ikkje vil støtte forslaget om kutt i eigedomsskatten for bedrifter.

Helge Orten

Helge Orten (H) er overraska over at Venstre ikkje vil støtte forslaget om kutt i eigedomsskatten for bedrifter.

Foto: Terje Reite / NRK

– Mange bedrifter opplever det som urettferdig og urimeleg at dei må betale eigedomsskatt av produksjonsutstyr og produksjonsanlegg innanfor fabrikkveggane, seier han.

Orten vil likevel vere med og diskutere unntak for ilandføringsanlegg og vindparkar.

– Desse vil truleg kome uheldig ut av eit slik vedtak, og eg meiner difor at det vil vere viktig å diskutere eit unntak for desse, seier han.