Hopp til innhold

Innsett arrestert etter å trua fengselsbetjent med kniv

Rundt klokka 12.50 rykka væpna politi ut til Hustad fengsel. Ein innsett i fengselet skal ha trua ein fengselstilsett med kniv. Politiet har no arrestert mannen.

Politi rykka ut til Hustad Fengsel der ein innsett trua tilsett med kniv

Politiet rykka fredag ut til Hustad fengsel med fleire bilar då dei fekk melding om at ein innsett trua ein fengselsbetjent med kniv.

Foto: Roar Halten / NRK

Ifølgje NRKs reporter i området rykte sju personar fordelt på tre bilar ut til Hustad fengsel i Fræna. Det ser og ut til at det er tatt med politihund.

Nordmøre og Romsdal politidistrikt opplyser at dei har avslutta aksjonen i Hustad fengsel. Den innsette, som skal ha fått tak i ein stor fruktkniv og trua ein fengselsbetjent, er tatt hand om av politiet. Kniven skal den innsette ha fått tak i på fellesområdet i fengselet.

– Den innsette rispa ein kvinneleg tilsett med kniven, men skadane var så små at lege ikkje var nødvendig. Den innsette isolerte seg på eit rom, men vi arresterte personen utan dramatikk, og utan bruk av våpen, seier operasjonsleiar Thorry Åkernes.

Politiet fortel at dei ser svært alvorleg på situasjonen.

– Dei tilsette ved fengselet gjorde ein svært god jobb då vi prøvde å få situasjonen under kontroll. Dei fekk isolert personen vekk frå dei andre i fengselet, seier Åkernes.

Hustad fengsel i Fræna

Hustad fengsel ligg i Fræna kommune og er ei eining med høg og lågare sikkerheit. Fengselet vart tatt i bruk 1. januar 2005 og har ordinær kapasitet på 52 plassar.

Foto: Roar Halten / NRK