Hopp til innhold

Stortingskvinne med bok om attgløymd baby og puppar i fri flyt

SURNADAL (NRK): På Stortinget har Jenny Klinge lada mobilen i støvsugaren. No kjem ho med bok om det å vere distré.

Jenny Klinge

KRIMINELL JUSTISPOLITIKAR: Jenny Klinge tok feil bil då ho skulle heim frå kjøpesenteret. Her leitar ho etter mobilen som har forsvunne.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Telefonen er forsvunnen igjen. Det er forfattaren sjølv som bannar.

– Og slikt skal styre landet, seier sonen til Jenny Klinge.

Det er igjen dramatikk når Senterpartiets Jenny Klinge er på handel i heimbygda Surnadal på Nordmøre. Ho har opplevd det meste med telefonar, truser og bilar.

Det er mykje som ikkje går slik det skal. No har stortingskvinna frå Nordmøre skrive bok om temaet.

Jenny Klinge.

– KVA SKJER? Mobilen til Jenny Klinge har ein tendens til å ligge der han ikkje skal ligge.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Det er få som slår Jenny Klinge på dette området. Her er berre ein liten del av 45-åringen si merittliste:

  • Har forsøkt å lade mobiltelefonen i sentralstøvsugaren på Stortinget.
  • Har leita i mørket etter sin eigen mobil, med lys frå den same mobilen.
  • Har lagt skitne klede i frysaren i staden for i vaskemaskinen.
  • Har mista ei truse ned på golvet hos lensmannen.
  • Har gløymd att ein baby på trappa heime, og køyrd av stad i bil.
  • Har dratt til Trondheim for å hente ein bil som stod i Molde.

Må huske tannlegen

Klinge seier at det er morosamt å vere distré, men at det også har gjort henne kriminell.

– Eg skulle heim frå kjøpesenteret. I bilen leitte eg etter vassflaska mi. Men lite minte meg om interiøret i min eigen bil. Det var då eg skjønte at eg hadde stole bilen til nokon andre.

Det er Senterpartiet sin justispolitiske talsperson som seier dette til NRK. Boka hennar kjem rett frå trykkeriet, med tittelen «Dønn distré».

Til intervjuavtalen kjem ho fem minutt for seint. Men ho har varsla oss på melding, og sjølv er ho mest redd for å gløyme tannlegetimen klokka 15.

Jenny Klinge

DISTRÉ FORFATTAR: Ho har tolv år bak seg på Stortinget. No kjem Jenny Klinge med bok om eit tema ho veit mykje om.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

På butikken med samanpressa puppar

I boka har Jenny Klinge samla side på side med historier frå heile landet.

Ei av dei er frå sambygdingen som var gravid, og som kjende at brystpartiet hadde blitt ekstra stort. Ho pressa dei svulmande puppane saman i ein trong behå då ho skulle på butikken.

Mannfolk i kø for å hjelpe til

Linda Margareth Øye følte ho fekk uvanleg god hjelp av betjeninga på elektrobutikken. Det var litt rart og uvant. Det var fem menn som ville hjelpe henne!

På veg ut tittar ho ned på sin eigen bluse. Oi! Ho har gløymd å knappe att.

Alt er vidope for publikum. Det er fullt innsyn.

– Eg må berre flire høgt av dette i dag, seier Linda Margareth Øye. Ho fortel også om då ho ved ein bomstasjon skulle leite etter pengeboka sin inni bilen. Då ho titta opp, hadde stasjonen flytta seg. Eller kanskje var det bilen som hadde rulla? Handbrekka var ikkje på.

Linda Margareth Øye

FRITT INNSYN: Linda Margareth Øye fekk uvanleg god service på elektrobutikken. Ho var på handel med ein bluse som ikkje var knept saman.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Hjernen på autopilot

I boka forklarer fleire ekspertar kva som skjer når folk gløymer ting og surrar det til. Dei fortel at hjernen ofte går på autopilot, og at vi då ikkje legg merke til detaljane. Plutseleg har vi gjort ein feil.

No er spørsmålet om Klinge hugsar tannlegetimen klokka 15. Jau då, det går fint. Vi har jo mint henne på det fleire gonger.

Linda Margareth Øye og Jenny Klinge.

EIN GOD LATTER: Distré menneske har mykje å flire av, seier Linda Margareth Øye og distrébokforfattar Jenny Klinge.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Men kvar er mobilen min? Jenny Klinge blir lattermild og ikkje så lite flau.
– Dette er kleint.

I boka er det mykje som er henta frå livet til stortingskvinna frå Surnadal. Også andre deler opplevingane sine, som skiløpar Heidi Weng, musikar Henning Sommerro og politikar Torbjørn Røe Isaksen.

Men på parkeringsplassen i Surnadal må det leitast. Veska blir endevendt, og bilen søkt gjennom.

Plutseleg ligg telefonen der, djupt nede i veska.

– Heldigvis er eg i stand til å le av meg sjølv. Og det er det også mange andre som er, seier Jenny Klinge.

Det er mykje som tyder på at Dønn Distré 2 kan bli ein realitet i løpet av kort tid, med endå sterkare historier frå livet som gløymsk – på og utanfor Stortinget.

Jenny Klinge.

KRIMINELL: På ein trøblete dag kom justispolitikaren i skade for å stele ein bil som stod og gjekk utanfor kjøpesenteret i Surnadal.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL