Natt til fredag blei det avfyrt over 10 skot, og seks personar blei arresterte.
Det oppheldt seg ei eldre kvinne i husværet det blei skote mot, og politiadvokat Gro Smogeli seier berre flaks gjorde at liv ikkje gjekk tapt.
Seks personar blei pågripne, og to har vedgått at dei avfyrte skot. Det er ikkje vanleg å finne så mange våpen i eit husvære
Denne veka held politiet fram med avhøyr og tekniske undersøkingar. Dei som avfyrte skota hadde drukke alkohol, og det virkar ikkje planlagt at skota skulle treffe eit spesielt husvære.