Hopp til innhold

Stort teinebeslag på Nordmøre

Kystvakta, fiskeridirektoratet og Statens naturoppsyn (SNO) har undersøkt fiskeutstyr på Nordmøre og i Sør Trøndelag. Til saman vart 80 teiner, to garn og ei line beslaglagt.

KV Njord kontrollerer teiner

SAMARBEID: Kystvakta har saman med SNO og fiskeridirektoratet kontrollert fiskeutstyr langs kysten av Nordmøre.

Foto: Kystvakten

Ei samlingsgruppe beståande av kystvakta, SNO og fiskeridirektoratet har dei siste dagane inspisert kysten av Nordmøre for å kartlegge ressursuttaket av havet. Løytnant og skipssjef på KV Njord, Stig Mortensen, fortel at resultata er alvorlege.

– Formålet med aksjonen er å kontrollere ressursuttaket, slik at det er berekraftig. Hummar er raudlista og vi vil gjerne få opp bestanden. Så funna er ganske alvorlege.

Stor auke

Til saman vart 21 meldt til politiet under aksjonen, av desse var 17 på Nordmøre. Det er ein stor auke frå ein aksjon i pinsehelga, då vart berre ti meldt til politiet på Nordmøre. Mortensen trur det kan vere fleire grunnar til auken.

– Ein grunn er nok fellesferien, fleire har fri og er her på ferie, vi ser på funna våre at det er ein god miks av tilreisande og fastbuande. I tillegg var det litt betre vêr under denne kontrollen.

Hummer på KV Njord

Auke: Stig Mortensen fortel at det var fleire som vart meldt til politiet no enn under førre aksjon.

Foto: Kystvakten

Av dei 21 som vart meldt til politiet denne gongen var 11 personar med merka reiskap. Mortensen fortel at dei lovbrytarane dei kjenner til vil bli kalla inn til avhøyr.

– Bøtene for dei lovbrota vi har avdekka her startar på eit par tusen kroner og fortsett oppover ut ifrå alvorsgraden. I tillegg kjem også tap av utstyr, så det kan absolutt få store økonomiske konsekvensar for folk å drive med denne typen ulovleg fiske.

Lite å gjere

Medan dei som fiskar ulovleg med merka utstyr risikerer bøter, fortel Mortensen at det er lite dei kan gjere med dei som ikkje merker utstyret sitt.

– Problemet når folk ikkje merker utstyret sitt er jo at vi kan gjere svært lite med dei, bortsett frå å konfiskere fiskeutstyret. I tillegg så er det mange som fiskar utan merkt utstyr, som elles opererer heilt lovleg. Desse vil også få konfiskert utstyret sitt, det er eit minstekrav å merke utstyret slik at ein kan ta kontakt med eigaren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL