Hopp til innhold

Stort straumbrot i Sunndal

Natt til torsdag forsvann straumen i store delar av Sunndal. Sunndal Energi leitar framleis etter feilen.

Sunndalsøra

Det var i halv tretida natt til torsdag at heile Sunndal, med unntak av områda Ålvundeid og Ålvundfjorden, mista straumen.

– Vi har ikkje heilt oversikt over kva som kan vere årsaka til straumbrotet, men vi nærmar oss feilen. Det har truleg vore ein jordfeil i nettet som førte til følgefeil i hovudtrafoen, seier Geir Sæther, leiar av driftsavdelinga i Sunndal Energi.

Torsdag morgon hadde dei fleste av innbyggarane i Sunndal fått straumen tilbake, med unntak av nokre abonnementar i Øvre Øksendal og delar av Sunndalsøra.

Sæther veit enno ikkje når straumen vil vere tilbake i heile Sunndal.

– Nei dessverre. Vi jobbar med å finne feilen og har ein god ide om kva som er årsaka, men det er uklart kor lang tid det vil ta, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL