Hopp til innhold

Stort straumbrot i Molde

Det er no rundt 40 kundar som framleis er utan straum etter eit omfattande straumbrot i Molde-området onsdag morgon.

Straumbrot Nordvestlandet
Foto: Statnett

Det var like før klokka 08.00 onsdag morgon at store delar av Molde blei mørklagt på grunn av eit straumbrot.

På det meste var det rundt 2000 kundar i den austlege delen av Molde (Øvre Berg, Kviltorp, Bolsøya og deler av Skåla) som var råka av feilen.

Klokka 09.30 hadde dei fleste brukarane fått straumen tilbake, men det er framleis 40 kundar som er utan straum, opplyser Istad Nett.

Ifølgje Istad Nett er årsaka til straumbrotet eit brot i ein kabel. Selskapet veit kvar feilen ligg og jobbar no med å få straumen tilbake.