Hopp til innhold

Stort steinras ved Trollstigen

Raset har ikkje ført til personskadar, men store delar av Isterdalen i Rauma er dekka med steinstøv.


Stort steinras ved Trollstige. Raset har ikkje ført til personskadar, men store delar av Isterdalen i Rauma er dekka med steinstøv.

Her flyg Bjarte Bø over steinraset i fjellet Bispen i Rauma. Det lyse feltet er raset.

Raset har utløp nordvest for Bispesvingen i Trollstigen. Det er tydelege spor i terrenget, og mykje steinstøv i trea og på bakken. Raset er omlag 50 meter breitt, og har gått 150 frå Bispesvingen i Trollstigvegen.

Oppdaga raset på fjelltur

Bjarte Bø var i dag tidleg på tur opp på det 1462 meter høge fjellet Bispen for å fly ut i wingsuite.

– Raset må ha gått i natt eller noko slikt, seier Bø til NRK.no.

Steinras i Bispen sett ovenfrå

Steinraset i Trollstigen sett ovanfrå, ned mot dalbotnen

Foto: Bjarte Bø / Privat foto


– Frå toppen kunne eg sjå alt støvet som var på trea i dalbotnen i Isterdalen. Eg såg også klårt og tydeleg heile raset i fjellsida. Det var ei kvit stripe i fjellet, seier Bø som tok bilete ovanfrå
.

Ras

Det var vanskeleg å ta seg fram på grunn av all sanden og støvet som ligg der, seier Hans Skiri.

Foto: Hans Skiri / Rauma kommune

Fare for nye ras

Ordførar Lars Olav Hustad i Rauma seier det ikkje tek sjansar på å la folk gå inn i området.

– Vi set no opp skilt om at Kløvstien er stengt. Dette er ein populær turveg til fots i Trollstigen, seier Hustad.

Også ingeniør Hans Skiri i Rauma kommune har vore ved raset.

– Eg var heilt inne ved raset. Det var vanskeleg å ta seg fram på grunn av all sanden og støvet som ligg der, seier Skiri.

Tove Sødahl høyrde godt steinraset som frå Brønnsletta i Rauma.

ras

Støvskyen låg som skodde inni Isterdalen, seier Tove Sødahl.

Foto: Tove Sødahl

– Det gjekk eit lite ras fyrst, og 5–6 minuttar etterpå braka det laust med eit større steinras, seier ho.

– Støvskyen låg som skodde inni Isterdalen, seier Sødahl.

Trollstigvegen er open

Trass i at raset har gått nær den populære Trollstigvegen så er den ikkje stengt. Kommunen har varsla Vegvesenet og orientert om situasjonen. Kommunen har også varsla vakthavande geolog i rasovervakinga i Åknes-Tafjord prosjektet.

– Vi vil forsøke å få ein geolog til å kome på synfaring måndag, seier ordførar Lars Olav Hustad.

Ras Trollstigen

Støv på trea i dalbotnen i Isterdalen.

Foto: Hans Skiri / Rauma kommune

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL