Hopp til innhold

Stort skred ved Veslemannen – ligg an til lengste evakueringsperiode så langt

Aldri før har rørslene i det rasutsette fjellpartiet Veslemannen vore større. No kan det bli ein lang venteperiode for dei evakuerte innbyggjarane.

RAS: Sjå og høyr (hugs lyd) raset frå Veslemannen klokka 22.20 onsdag kveld.

Det raude farenivået ved Veslemannen kan nemleg bli ståande lenge. Det seier geolog i NVE, Einar Anda, til NRK.

– Men vi kan ikkje gjere anna enn å sjå an situasjonen frå dag til dag, kommenterer Anda.

Fleire hundre kubikkmeter

Det gjekk mange ras frå Veslemannen i går kveld og i natt. Det største gjekk i 22.30-tida onsdag kveld (sjå video i toppen av saka).

– Dette var på fleire hundre kubikkmeter, seier Einar Anda.

Området hadde store og aukande rørsler heile gårsdagen før det kollapsa, ifølgje geologane.

Det var tysdag kveld geologane vedtok å setje farenivået ved Veslemannen til raudt.

Det betyr at for femte gong i år – og for tiande gong sidan 2014 – må dei 11 innbyggjarane evakuerast frå heimane sine.

Einar Anda

– KAN BLI LANGT PERIODE MED RAUDT FARENIVÅ: Det trur geolog i NVE, Einar Anda.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Større enn nokon gong

Oftast har innbyggjarane fått flytte heim igjen etter få dagar. Men denne gongen er rørslene større enn nokon gong.

– Vi har sett steinblokker på 10 gonger 10 meter kome nedover. No er det også store rørsler i den nedre delen av fjellet, det som held fjellet på plass. Der har rørslene vore fem centimeter det siste døgnet, sa geolog og seksjonsleiar i NVE, Lars Harald Blikra, til NRK onsdag.

Rødt farenivå ved Mannen

RAUDT FARENIVÅ: For tiande gong på fire år er det raudt farenivå ved Veslemannen i Rauma. Det betyr at innbyggjarane må evakuerast.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Snøsmelting

Torsdag er det ingenting som tyder at rørslene minskar. Snarare tvert imot.

Fjellpartiet rører seg framleis 40–80 centimeter i døgnet i øvre del og 3–4 centimeter i nedre del.

Det er varmt i fjellet. Snøsmelting tilfører vatn til det rasutsette fjellpartiet. Det er meldt meir varmt ver og til helga kan det også kome ein del regn.

Geologane trur derfor fjellpartiet vil halde fram med å bevege seg mykje og held dermed oppe raudt farenivå.

Ingen vet når det vil komme et ras fra fjellet Mannen, men geologene vet at det vil skje. På fire år har deler av fjellet flyttet seg sju meter!

FORKLARINGSVIDEO: Ingen veit når det vil kome eit ras frå fjellet Mannen, men geologane veit at det vil skje. På fire år har delar av fjellet flytta seg sju meter.