Hopp til innhold

Stort skred i Stordal

Det har gått eit stort skred ved ei av dei mest brukte løypene til toppturar i Stordal. Skredet dekkjer nesten heile sida på det populære topptur-fjellet Overøyestolen. Ifølgje lokalkjende har skredet gått enten i natt eller tidleg i formiddag. Det blir også opplyst at det ikkje har gått store skred i dette området dei siste 60 åra. Det er ikkje teikn til at det har vore folk i området då skredet gjekk. Ifølgje nettstaden Varsom.no er det moderat skredfare i området.

Skred Stordal
Foto: Marte Ellingsen Tyldum