Hopp til innhold

Salet av lusemiddel har aldri vore større

Apotek 1 Nordstjernen i Ålesund har sett ny rekord i salet av lusemiddel.

Kirsten Relling på Apotek1 Nordstjernen i Ålesund

Apotekteknikar Kirsten Relling seier svært mange kjem innom apoteket for å kjøpe lusemiddel.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

– Kvar dag er det folk innom for å få middel mot lus i hovudet, fortel apotekteknikar Kirsten Relling.

– Mange synest det er flaut og ekkelt og vil snakke lågt om det, legg ho til.

Apotekar Angel Madrigal ved Apotek 1 Nordstjernen i Ålesund meiner folk brukar for lite tid på lusebehandlinga. Shampoo eller lotion er berre ein del av behandlinga. Det er vel så viktig å bruke lusekammen.

– Helst når håret er vått, for det er litt enklare. Ein kan også gjere det på tørt hår, forklarar han.

Shampoo og lotion kan brukast mot vaksne lus, men egga sit godt festa i hårstrået og må derfor takast med kam.

– Vi har forskjellige verkemiddel og alle fungerer, seier Madrigal.

Spår utbrot ved skulestart

Angel Madrigal på Apotek1 Nordstjernen i Ålesund

Apotekar Angel Madrigal på Apotek 1 Nordstjernen i Ålesund understrekar at lus ikkje har noko med dårleg hygiene å gjere.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Apotekaren reknar med at førekomsten av lus i hovudet tar seg opp når skulane og barnehagane tar til for fullt igjen etter ferien.

– Det brukar å skje kvart år etter sommarferien og vinterferien. Kvar gong ungane har vore ute og kjem tilbake vert det luseutbrot, seier han.

Madrigal understrekar at lus ikkje har noko med dårleg hygiene å gjere.

– Alle med hår kan få det. Det er ikkje farleg, men smittsamt dersom ein har nærkontakt med andre, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL