Hopp til innhold

Stort framsteg i skredsikringa

Verdas mest avanserte skredovervakingsutstyr er på plass på Åkerneset i Sunnylvsfjorden.

Montering av måleutstyr i Åkernesremna
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Arbeidet med skredsikringa i fjellet ved Åkerneset i Stranda kommune på Sunnmøre har nådd ein ny fase. Ei 50 meter lang lenkje med datastyrte måleinstrument er no førd ned i eitt av borehola i fjellet.

 

Montering av måleutstyr i Åkernesremna
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

 

Gjer livet tryggare

Det enorme, ustabile fjellpartiet ved Åkerneset gjer livet utrygt for bygdene i Storfjord-området. Når det nye utstyret no er montert, kan folk sove litt betre om natta.

Alarmsystem

Utstyret er senka 80 meter ned i fjellet og skal måle alle rørsler, temperaturendringar og vasstrykk. Seinare skal også to andre borehol fyllast med same type instrument, og det skal gjerast målingar heilt ned til 140 meter inne i det rasfarlege fjellet.

Signala frå det ustabile området blir overførde til overvakingsstasjonen i Stranda via Internett. Systemet kan også sende alarmar på e-post eller mobiltelefon til dei ansvarlege, same kor dei er i verda.

Italiensk system

Systemet er utvikla av italienske geologar i selskapet CSG, og teknologien har vore brukt til overvaking av rasfarlege område i Italia sidan 2003. Åknes/Tafjord-prosjektet er det første utanom Italia som tar i bruk dette overvakingssystemet. Aldri før har systemet vore prøvd ut i så stor målestokk og i så vanskeleg terreng, seier teknisk direktør i SCG, Mario Levisolo.

Geofagleg leiar i Åknes/Tafjord-prosjektet, Lars Harald Blikra, er svært nøgd med at dei no har nådd dette viktige målet i kartlegginga av det farlege fjellet over Åkerneset.