Hopp til innhold

32 spelarar har fått Solskjær sin tillit i årets eliteserie

Med debuten for Molde mot Brann i helga, er Mats Møller Dæhli den siste i ei lang rekkje av spelarar som har fått sjansen i eliteserien denne sesongen. Totalt 32 spelarar har spelt for blåtrøyene sidan seriestart.

Mats Møller Dæhli

Mats Møller Dæhli (midten) fekk sin debut for Molde mot Brann. Dermed er han spelar nummer 32 som har fått spele for Molde i årets eliteserie. Her sender han ballen forbi Brann-spelar Kristoffer Barmen.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Nysigneringa Mats Møller Dæhli (18) fekk sin debut for Molde i eliteserieoppgjeret mot Brann sist laurdag. Han kom til klubben frå Manchester United, i løpet av eit hektisk overgangsvindauge for Molde.

Møller Dæhli kom til Molde saman med Fredrik Gulbrandsen (Lillestrøm), Tommy Høiland (Sandnes Ulf) og Per Egil Flo (Sogndal) denne sommaren. Dei tre sistnemnde har alt debutert for Molde i eliteserien.

I tillegg blei Vegard Forren kjøpt tilbake etter eit mislukka opphald i engelske Southampton. Etter det har Forren imponert så kraftig, at han igjen er inne i landslagsvarmen.

Solskjær tippa for lågt

Med debuten føyer Mats Møller Dæhli seg inn i det store talet av spelarar Molde-manager Ole Gunnar Solskjær har nytta i årets seriespel. Sjefen sjølv var ikkje heilt sikker på kor mange det var snakk om, men tok utfordringa om å gjette talet på sparket.

– Alle keeperane har fått spele, det veit eg. Til saman kan eg vel tenkje meg at vi har hatt ein 25-28 ulike spelarar på bana i løpet av sesongen, sa ein litt usikker Molde-manager.

Talet var nok litt lågare enn fasiten, som NRK Møre og Romsdal sin reporter på Aker Stadion hadde kalkulert seg fram til. Den viser at heile 32 spelarar har fått prøve seg, anten i førsteellevaren eller etter innhopp frå innbytarbenken.

– Har god kontroll på alle

Ein skulle kanskje tru at det å kunne nytte seg av så mange spelarar i løpet av ein sesong kan gi litt problem med logistikken og hugsen.

Men sjefen sjølv avviser dette, og hevdar han ikkje har problem med å skilje mellom kven som er kven.

– Eg føler at eg saman med støtteapparatet har full kontroll på alle spelarane. Vi følgjer opp kvar enkelt godt, heilt frå juniorlaget til A-stallen, seier Solskjær.

(Saka held fram under biletet).

Fredrik Gulbrandsen

Etzaz Hussain (t.v.), Mattias Moström og Mats Møller Dæhli jublar her saman med Fredrik Gulbrandsen (nr.2 f.v.), etter 2-0 scoringa hans i kampen mellom Molde og Brann på Aker Stadion laurdag. Gulbrandsen debuterte nyleg for Molde.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Ynskjer å gi dei unge sjansen

Det høge forbruket av spelarar så langt i årets eliteserie har sine årsaker. Ole Gunnar Solskjær har ved fleire høve vore nøydd til å gjere endringar.

– Det er som regel alltid skadar av ulikt omfang å ta tak i. Difor er eg veldig nøgd med spelarstallen, og det faktum at eg har fleire å velje i mellom, seier Solskjær.

Skadar er likevel ikkje einaste årsaken. Solskjær har stor tru på å la unge fotballspelarar få sjansen.

– Vi har sørgja for å gi ein del unge spelarar debuten sin på øvste nivå, noko vi ser på som viktig, seier Ole Gunnar Solskjær avslutningsvis.

I helga var det igjen nye ansikt å sjå på eit Molde-lag som slo Brann 2-0. Ingen andre lag i tippeligaen slepp til like mange spelarar som Molde.

Spelarbonanza for Molde

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL