Datamaskinene var oppbevart i kasser inne i rådhuset.
I følgje politiet har maskinene ein verdi på omlag ein halv million kroner.
Ønskjer hjelp frå publikum
Hovudetterforskar Robert Hjelmeset seier dei ønskjer hjelp frå publikum for å løyse saka.
- Politiet er no i ferd med å undersøke åstaden. Seinare i dag vil vi og gjennomføre ei rundspørjing i området der vi håpar at nokon har gjort observasjonar som vi kan dra nytte av i etterforskinga, seier Hjelmeset.
PC-ane som var av typen Dell, var splitter nye, og fleire av dei var ikkje eingong pakka ut.
Åtvarar mot kjøp av tjuvgods
- Dersom folk får tilbod om å kjøpe billige PC-ar, bør dei ikkje inngå nokon handel, men istaden kontakte politiet, sier Hjelmeset.
Hjelmeset har førebels ikkje noko oversikt over kva spor somer på åstaden, men seier at politiet vil sette inn betydelege ressursar i etterforskinga.