NRK Meny

Stort behov for strøsand

Den spesielle vinteren med mykje is og glatte vegar over heile landet har bydd på problem. Ikkje berre for gåande og køyrande, men også for dei som lagar strøsand. Hos produsenten Visnes Kalk og Marmor på Eide har etterspurnad vore dobbelt så stor som vanleg. Dei kjem til å sende ut inntil 20.000 tonn med strøsand denne vinteren. – Det har vore ein formidabel etterspurnad i år, seier dagleg leiar Karl Johan Eide.

Dagleg leiar Karl Johan Eide, Visnes Kalk og Marmor
Foto: Sissel Brunstad / NRK