Størst underskot på Kvernberget

Kvernberget lufthamn i Kristiansund hadde eit underskot på i overkant av 49 millionar kroner i fjor. Dette er det største underskotet av alle flyplassane i landet. Molde lufthamn hadde eit underskot på nesten 31 millionar, medan Ørsta- Volda lufthamn Hovden hadde eit underskot på 25,2 millionar, Ålesund Lufthamn Vigra, var den einaste flyplassen her i fylket som hadde overskot i fjor. Dette var på 21, 2 millionar. Det skriv fremover.no.

Molde lufthamn Årø
Foto: Gunnar Sandvik. / NRK