Hopp til innhold

Alphaville til Ålesund og Jugendfest

Momentium er tidlegare ute enn vanleg, og allereie no slepper dei artistar til alle dei tre festivalane sine neste sommar. Størst hittil er at tyske Alphaville kjem på besøk, samt at Sommerfesten går tilbake til røtene.

Jugendfest

Publikum har møtt opp i stort tal dei siste åra. Her frå 2012.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Sommerfesten går tilbake til spleising. Det er det unike, og vi vil bevare det, seier Ante Giskeødegård til NRK.

Ante Giskeødegård

Ante Giskeødegård seier til NRK at det er godt å allereie ha avslørt dei første artistane.

Foto: Arne Flatin / NRK

Han er dagleg leiar i Momentium og bookingsjef for dei tre fanefestivalane til arrangøren.

Sommerfesten på Giske har tidlegare slite økonomisk med null billettsal, trass i enormt med besøkande. Då festivalen måtte bytte lokasjon før 2013-festivalen blei det derimot innført billettar.

– Vi tok eit grep med Sommerfesten i fjor – nesten for å få ned publikumstalet, men no går vi tilbake til det særeigne med festivalen. Ein kan derimot «førehandsspleise» for å vere sikra plass, fortel Giskeødegård.

– Korleis skal de få festivalen til å stå økonomisk då?

– Vi får sjå om vi har lært, men vi har god tru på at det skal gå bra. Vi satsar på at det skal rundt, noko som er målet med Sommerfesten.

Midtsommerjazz tilbake til bykjernen

Inntektsgrunnlaget blant dei tre festivalane til Momentium er det nemleg dei to andre festivalane som skal stå for. Arrangøren står bak Midtsommerjazz i Ålesund sentrum, Sommerfesten på Giske og Jugendfest på Color Line Stadion.

Onsdag kom endeleg festivaldatoar og dei første banda og artistane til festivalane i 2014.

Midtsommerjazz er først ut 23. og 24. mai på St. Olavs plass i Ålesund. Sommerfesten på Giske blir laurdag 5. juli i Øygardshavna på Giske. Jugendfest blir 22. og 23. august på Color Line Stadion i Ålesund.

– Midtsommerjazz er tilbake der den høyrer heime, på St. Olavs plass i hjartet av Ålesund, skriv Momentium i pressemeldinga onsdag.

Alphaville i Beirut

Alphaville med vokalist Marrion Gold blir fort eitt av trekkplastera til Jugendfest 2014.

Foto: Jamal Saidi / REUTERS

Tyske heltar kjem på besøk

Litt motsett av til 2013-festivalane, då artistsleppa drygde i det lengste, går festivalarrangøren allereie no ut med dei første artistane.

Til Midtsommerjazz er Hellbillies, LidoLido, Henning Kvitnes og Red Hot klare, medan Urørt-favoritt og lokale Sigrid Raabe, Violet Road og Rumble In Rhodos er klare for Sommerfesten.

Til Jugendfest i august kan Momentium kunngjere at Åge Aleksandersen, Kvelertak og ikkje minst tyske Alphaville er klare.

– Dette er første drypp, før det kjem veldig mykje meir, seier Giskeødegård.

– I fjor kom dei første Jugendfest-artistane først i mai. Er det greitt å vere litt tidlegare ute no=

– Jada, vi ville vere litt tidlegare på den no. Det blir jobba inn mot endå fleire store og internasjonale artistar, men det er greitt å vere i gang, slår bookingsjefen fast.

Sinéad O'Connor

Sinéad O'Connor var blant trekkplastera på Midtsommerjazz 2013.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK