Nærare 400 ungdomar frå heile fylket er denne helga samla i Fosnavåg til fylkesmønstring i UKM. I samband med dette markerast 30 års jubileet til UKM med ein stor konsert laurdag kveld.
Det som starta som eit musikkarrangement i 1985 har utvikla seg til å bli den breiaste kulturarenaene for unge i dag.
– Ettersom UKM fyller år i år, følte vi det var på plass med ein skikkeleg jubileumskonsert, seier Else Marie Outzen, fylkeskontakt i UKM Møre og Romsdal.
Sjå fleire bilete lenger nede i saka.
- Les også:
UKM gjennom 30 år
Gjennom årlege mønstringar, har unge kulturtalent frå heile landet fått ein profesjonell arena for sine uttrykk.
Mange av våre nasjonale artistar og kunstnarar har delteke på UKM i løpet av ungdomstida si.
Denne helga samla deltakarar frå UKM gjennom 30 år seg til jubileumskonsert i Fosnavåg konserthus.
– UKM har vore ein viktig arena for ungdomar i ei årrekke. Vi hadde difor lyst å samle både fortid, notid og framtid på den same scena, seier Outzen.
- Les også:
Første fylkesmønstringa i Molde
På konserten stod mellom anna Kåre Nymark, Kenneth Ekornes og deltakarar frå kommune- og fylkesmønstringa i UKM.
På scena stod også ein deltakar som var med då den første fylkesmønstringa vart arrangert i Molde i 1985.
Som 13-åring gjekk Terje Måseidvåg og hardingfela hans vidare til landsfinalen i den populære kulturmønstringa.
– Det var ganske stort for ein ung gut å vere med på noko sant, fortel han og mimrar tilbake.
Han syntest det var artig og igjen kunne stå på scena under eit UKM-arrangement.
– UKM gir ungdomar den inspirasjonen dei treng for å halde fram med talenta sine. Det har utvikla seg til å bli eit ganske stort arrangement i løpet av åra, seier Måseidvåg.
– Det var veldig mykje mindre i mi tid, men det er berre positivt for ungdomane at dei har dette tilbodet, held han fram.
- Les også:
- Les også: