Hopp til innhold

Storslått jubileumskonsert

Ungdomens kulturmønstring (UKM) fyller 30 år i år. Laurdag kveld vart det markert med ein jubileumskonsert på konserthuset i Fosnavåg.

Ungdomens kulturmønstring (UKM) fyller 30 år i år. Laurdag kveld vart det markert med ein jubileumskonsert på konserthuset i Fosnavåg. Storslått jubileumskonsert

UKM Møre og Romsdal markerte 30-års jubileet til kulturmønstringa med ein konsert laurdag kveld. Der var deltakarar frå 30 år med UKM samla på scena.

Nærare 400 ungdomar frå heile fylket er denne helga samla i Fosnavåg til fylkesmønstring i UKM. I samband med dette markerast 30 års jubileet til UKM med ein stor konsert laurdag kveld.

Det som starta som eit musikkarrangement i 1985 har utvikla seg til å bli den breiaste kulturarenaene for unge i dag.

– Ettersom UKM fyller år i år, følte vi det var på plass med ein skikkeleg jubileumskonsert, seier Else Marie Outzen, fylkeskontakt i UKM Møre og Romsdal.

Sjå fleire bilete lenger nede i saka.

UKM gjennom 30 år

Gjennom årlege mønstringar, har unge kulturtalent frå heile landet fått ein profesjonell arena for sine uttrykk.

ukm møre og romsdal 2015

30 år med UKM var samla på scena.

Foto: silje bjerknes / nrk

Mange av våre nasjonale artistar og kunstnarar har delteke på UKM i løpet av ungdomstida si.

Denne helga samla deltakarar frå UKM gjennom 30 år seg til jubileumskonsert i Fosnavåg konserthus.

– UKM har vore ein viktig arena for ungdomar i ei årrekke. Vi hadde difor lyst å samle både fortid, notid og framtid på den same scena, seier Outzen.

Første fylkesmønstringa i Molde

På konserten stod mellom anna Kåre Nymark, Kenneth Ekornes og deltakarar frå kommune- og fylkesmønstringa i UKM.

Terje Måseidvåg

Terje Måseidvåg deltok på den første fylkesmønstringa som vart arrangert i Molde i 1985.

Foto: silje bjerknes / nrk

På scena stod også ein deltakar som var med då den første fylkesmønstringa vart arrangert i Molde i 1985.

Som 13-åring gjekk Terje Måseidvåg og hardingfela hans vidare til landsfinalen i den populære kulturmønstringa.

– Det var ganske stort for ein ung gut å vere med på noko sant, fortel han og mimrar tilbake.

Han syntest det var artig og igjen kunne stå på scena under eit UKM-arrangement.

– UKM gir ungdomar den inspirasjonen dei treng for å halde fram med talenta sine. Det har utvikla seg til å bli eit ganske stort arrangement i løpet av åra, seier Måseidvåg.

– Det var veldig mykje mindre i mi tid, men det er berre positivt for ungdomane at dei har dette tilbodet, held han fram.

ukm møre og romsdal 2015
Foto: silje bjerknes / nrk